Etiske retningslinjer

KrFU er ungdomspartiet til KrF. Formålet vårt er å fremja ein kristendemokratisk politikk bygd på det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret og å vekka kvar enkelt til å kjenna seg som ansvarleg samfunnsmedlem. KrFU sitt verdigrunnlag er henta frå Bibelen, den kristne kulturarven og grunnleggjande menneskerettar.

KrFU sine etiske retningslinjer er ei samanfatning av organisasjonens etiske praksis og reglar for å overhalda desse. Etiske retningslinjer for KrFU gjeld for alle medlemmer, tillitsvalde og tilsette i KrFU. I tillegg må alle tillitsvalde og tilsette skrive under på desse som ei eigenerklæring. Direktevalde i landsstyret saman med generalsekretær har ansvar for å gå gjennom og fremme forslag til å oppdatere og revidere retningslinjene kvart år. Landstyret har retningslinjene til handsaming.

Brot på etiske retningslinjer skal meldast til generalsekretær og/eller leiar.

Generalsekretær i KrFU: Otto Galtung, 900 75 065/ oga@krf.no
Leiar i KrFU: Martine Tønnessen, 481 78 334 / mto@krf.no

Reaksjonar ved brot på etiske retningslinjer

Brot på etiske retningslinjer vil medføra sanksjonar etter vurdering av alvorlegheitsgrad. Dette kan medføra fylgjande sanksjonar, i tråd med KrF og KrFU sitt sanksjonshierarki og lovene til KrFU § 20:

  1. Krav om orsaking, beskjed om å endre åtferd eller restriksjon i kommunikasjon i alle former.
  2. Utestenging frå arrangement, møter eller andre relevante fellesarenaer, midlertidig fråtreding eller suspensjon frå tillitsverv.
  3. Fråtreding frå tillitsverv, konsekvensar for arbeidsforholdet, melde til politiet eller/og eksklusjon.

Respekt for menneskeverd

Ein skal visa respekt for alle menneske, uavhengig av kjønn og kjønnsidentitet, alder, religion, etnisk bakgrunn, seksuell legning, sosial status eller politisk ståstad. KrFU tek avstand frå alle former for negativ diskriminering og trakassering. Alle i KrFU skal motverka ei kvar form for mobbing, trakassering og rasisme.

Rolleforståing og habilitet

Alle tilsette og tillitsvalde KrFU skal vera medviten om den makta som ligg i vervet sitt i relasjon med andre både i og utanfor organisasjonen og ikkje misbruka den tilliten ein har blitt gitt i kraft av vervet ein har.

Alle som er med å handsame ei sak – lokalt eller nasjonalt – skal alltid gjere ei habilitetsvurdering av seg sjølv i saka som vert handsama. Viss ein er i tvil om eigen habilitet bør organet gjera ei vurdering. Ein er ikkje habil til å handsame ei sak dersom ein anten sjølv har eigeninteresse eller har eit nært slektskap eller forhold til nokon av partane med eigeninteresse i utfallet av saka.

Respekt for andre sin integritet og grenser

KrFU skal vera ein trygg organisasjon der den einskilde sin integritet og grenser vert respekterte. Seksuell trakassering, seksuell overskridande åtferd og seksuelle overgrep aksepterast ikkje! Dette inkluderer kjøp av sex i Noreg eller utlandet. Alle medlemmer, tilsette og tillitsvalde må til ei kvar tid vita om og fylgja retningslinjene for eit trygt KrFU.

Forvaltaransvar og økonomisk ansvarlegheit

Alt arbeid skal utførast med personleg integritet, utan uærlegheit, ureielege hensikter eller korrupsjon. Det skal utvisast ansvarlegheit ved forvaltning av organisasjonen og administrasjon av økonomiske midlar. Alle tilsette og tillitsvalde i KrFU pliktar å gjera seg kjent med handboka for tilsette og tillitsvalde i KrFU og fylgje vedtekne retningslinjer og rutinar for økonomi.

Integritet og ansvar på reiser i KrFU

Det er forventa at alle på reise i regi av KrFU fylgjer organisasjonens retningslinjer for reise, viser kulturell sensitivitet og følger dei gjeldande lovane og reglane i vertslandet. Medlemmer, tilsette og tillitsvalde er ansvarlege for å opptre på turen slik at ein fremjar å oppretthalde tilliten og godviljen mot KrFU.

KrFU skal utvisa openheit i vedtak og prosessar for alle medlemer. Protokollar, referat og vedtak skal være tilgjengeleg for alle medlemer og sendast ved førespurnad.

I dei tilfella der det er drøftingar eller informasjon som ikkje skal vedkome alle i organisasjonen kan møte vedta teieplikt. Dette er viktig for å sikre at interne drøftingar i organisasjonen kan vere baserte på tillit og kan skje i openheit.